Senk sporet, frigjer strandlinja og bevar stasjonsbygningen

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto

Av
DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

MeningerEtter å ha vore på folkemøtet på Gregers den 27. oktober, fekk eg att gløden for jarnvegsalternativet «Senka H1». Gunnar Holm oppsummerer dette alternativet godt i sitt innlegg i HA den same dagen.

Moss har altså greidd det (og Holmestrand)! Moss har arbeidd med jarnvegstraseen gjennom byen i 15 år, og no er planane klare for å leggja dobbeltsporet i tunnel under byen, og med stasjon i dagen, om lag på same plassen som no. 15 års strev kosta det altså å få Jarnbaneverket med på å droppa dobbeltspor i dagen gjennom byens strandsone og bustadområde. Når vi høyrde framlegget til kommuneplanleggjaren i Moss, var det lett å forstå at han får gjennomslag i forhandlingar med Jarnbaneverket; her var alt klårt og pedagogisk lagt fram.

Så no er det opp til det nye kommunestyret å halda på tidlegare vedtak om å få utgreidd også H1 i senka form. Og det er ikkje urealistisk, slik Holm peikar på. Vi veit at det blir dyrare enn dagløysingar, men når vi ser korleis dobbeltsporet knuser landskapet langs sørenden av Mjøsa, blir det ikkje freistande å få dette tvers gjennom byen vår. Men Stasjonen vil vi ha sentralt, og det var dei tre innleiarane på møtet samde om; stasjonen må liggja der folket er. Det vil også vera naudsynt for Jarnbaneverket for å få lønsemd i Intercity-utbygginga. Stasjonen ligg i dag midt i dei bydelane som har hatt ein enorm fortetting og utvikling, og meir vil koma. Der må den liggja! Og så har vi jordvernet som vi må prioritera svært høgt, og som gjer den austlege korridoren uaktuell.

Kva med parkeringsproblema og trafikknutepunktet? Med så spreidd busetnad som vi har på Hedemarken, er det vanskeleg å tenkja seg at alle kan koma til byen, og til stasjonen med kollektivtransport. Skal jarnvegen bli eit godt alternativ for alle, må også dei på bygdene kunne koma til stasjonen. Med senka spor, vil store areal frigjerast, og ein kan få plass til både parkeringshus, busstasjon og drosjehaldeplass oppå bakken. Dette vil auka innteninga til NSB! Og bilane i dette parkeringshuset vil om 10-20 år vera elektriske eller hydrogendrivne bilar. Det trur eg vi må akseptera.

Vi ser i dag at det i Oslo blir bygd kulvertar og tunnelar i stor stil, og no også i Holmestrand og Moss. Kvifor skal vi stå med lua i handa og ikkje setja det som krav til ein trase gjennom byen vår? Er ikkje Hamar jarnvegshovudstaden, og like mykje verdt som andre byar? Hamar Arbeiderparti har kravd at sporet skal gå i tunnel under Hamar vest frå Bryggeriundergangen og ein 4-5 km til nordsida av Furuberget. Da blir det kanskje ikkje så urimeleg mykje verre å få senka det i ein kulvert 2 km austafor tunnelinnslaget?

For å få dette til, må leiinga i byen engasjera seg, og setja sin beste folk til å forhandla med Jarnbaneverket, og kanskje regjeringa. Litt lenger tid kan det ta, men den tida vi skal leva med det nye dobbeltsporet blir mykje lenger!

Oslo er ein verdifull by, men det er også jarnvegshovudstaden!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags