Kunsten å skilja rett frå galt

Mandag 11. februar kl.19:00
Hamar kirkeakademi, Røhnesalen, Strandg. 35 (inng. fra Håkons gate)
kart
I Bibelen les vi om at Salomon bed om eit lyttande hjarta for å kunna døma rett. I norsk rettshistorie kom det inn med analogien om «Guds fire døtrer» som vart utførleg forklart i Kongsspegelen frå ca. 1260 og pålagt skulle nyttast med Landslova av 1274. Dette vart starten på ein human tradisjon i norsk rett med linjer heilt fram til i dag. Temaet i føredraget er kva det var som gjorde at ein ønskte at dommarar skulle ha eit lyttande hjarta frå midten av 1200-talet i Noreg? Korleis har dette prega norsk rett sidan den gongen, og har vi behov for dommarar med lyttande hjarta i dag? Jørn Øyrehagen Sunde er jurist og rettshistorikar og er professor ved det juridiske fakultet ved universitetet i Bergen. Han arbeider med rettsutfordringer i fortid, nåtid og framtid. Blant annet arbeider han med rettsordninger som teknologisamfunnet og miljøspørsmål utfordrer til. Er norsk rettstradisjon «human og rettferdig» - eller «streng og rettferdig»? Sunde er en av landets dyktigste foredragsholdere Kaffe/te m.m. selges fra klokka 18.30